Nyheter

Noreg gir 325 millionar kroner til humanitær innsats i Tsjadsjø-regionen

Regjeringas bidrag skal dekke akutte behov for perioden 2018-2020. Dette kunngjorde utanriksminister Ine Eriksen Søreide under høgnivåkonferansen i Berlin i dag om krisa i Tsjadsjø-regionen, der Noreg er vert saman med Tyskland, Nigeria og FN.

DmKRWBwXsAADmlP

Foto: Utenriksdepartementet

– Meir enn 10 millionar menneske har behov for humanitær hjelp i Tsjadsjø-regionen. Det er naudsynt med fleire ressursar og trygg humanitær tilgang for å redde liv og verne sivilbefolkninga mot vald og overgrep. Kvinner, ungdom og barn er hardast råka. Regjeringa held fram engasjementet sitt i regionen og vil bidra med 325 millionar kroner til humanitære føremål for 2018-2020, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide i en pressemelding fra UD i dag.

Den kriseråka regionen omfattar det nord-austlege Nigeria, delar av Niger, Tsjad og Kamerun.

– Det er viktig å sjå samanhengen mellom humanitær innsats, langvarig utviklingsinnsats, konfliktløysning og fredsbygging, slik vi gjer i regjeringa sin nye strategi for humanitær politikk. Regjeringa vil vidareføre eit høgt nivå på utviklingsbistanden til Tsjadsjø-regionen og sikre eit godt samspel med den humanitære innsatsen, seier Eriksen Søreide.

Kategorier:Nyheter

Tagged as: , , , ,

Legg igjen en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.