Nyheter

Valet i Moldova var eit val mellom oligarkar. Sosialistpartiet vann ein knepen siger

Moldova - val 2019

Den pro-europeiske valallianse ACUM blei nest største parti i parlamentsvalet i Moldova. Det pro-russiske sosialistpartiet PSRM vann valet. ACUM er leia av Maia Sandu (foran mikrofonen) og Andrei Năstase (til høyre). Dette bildet er fra ordførarvalkampen i hovudstaden Chișinău i 2018. Foto: Øyvind Strømmen

Parlamentsvalet i Moldova viser at landet er splitta mellom aust og vest. Men det er ikkje Moldovas største problem.

Nokre dagar før valet i Moldova ytra den tidlegare rumenske presidenten Traian Băsescu seg om moglegheitene moldovske veljarar stod ovanfor.

Ifølgje Băsescu kunne dei røysta på president Igor Dodon sitt sosialistparti, og dermed på «det russiske oligarkiet». Dei kunne røysta på partiet til oligarken Vladimir Plahotniuc, ifølgje Băsescu ei oppskrift på isolasjon og på at makta og statsinstitusjonane ville forbli dominert av ein mann og hans interesser. Dei kunne røysta på den pro-europeiske valallianse ACUM (ordet tyder «no»), leia av Maia Sandu og Andrei Năstase, og dermed ha ein sjanse til modernisering.

Sjølv fekk Traian Băsescu ikkje røysta. Han var rett nok moldovisk statsborgar ei kort tid i 2016 og 2017, før president Igor Dodon personleg greip inn og tok det frå han. At Băsescu hadde fått det var i strid med lova, meinte Dodon.

Băsescu har sjølv knappast eit kritkvitt rykte, mykje fordi broren Mircea Băsescu er dømd for korrupsjon. Men samandraget hans er likevel ganske treffande. Igor Dodon og partiet hans er på overflata sosialistisk, men for å skjøna partiet er både sosialkonservatisme og ei sterkt pro-russisk line viktigare å sjå nærare på.

Vladimir Plahotniuc leier eit parti som offisielt er sosialdemokratisk og pro-vestleg, og Plahotniuc har sjølv skrive varmt om EU i blant anna Politico. I røynda er han ein søkkrik forretningsmann som har nytta pengemakta si til å skaffa seg omfattande politisk makt. «Ingen reknar Plahotniuc som pro-europeisk», sa journalisten Natalia Morari til New York Times attende i 2016. «Han er pro-Plahotniuc og pro-korrupsjon».

I forkant av valet – som gjekk av stabelen på sundag 24. februar – hadde valsystemet vorte lagt om, på ein måte dei fleste observatør meiner var til nytte for Dodons sosialistparti og for Vladimir Plahotniuc.

Samstundes fekk Sandu og Năstase ein boost ved ordførarvalet i hovudstaden Chișinău i fjor, der Năstase vann andre valomgang framfor sosialistpartiet sin kandidat Ion Ceban. I etterkant vart valet annullert i ei heller tvilsam rettsleg avgjersle.

Kvifor bry seg om Moldova?

Då eg sjølv vitja landet i forkant av ordførarvalet i Chișinău i 2018, fekk eg høve til å veksla nokre få ord med Năstases sin samarbeidspartnar, kvinna som gav Dodon tøff konkurranse i presidentvalet i 2016, Maia Sandu.

Ho var på veg vidare frå ein demonstrasjon mot korrupsjon, og hadde det nok travelt. Eg hadde ei intervjuavtale med Mihai Popșoi, nestleiar i partiet ho leier, PAS, no del av ACUM-alliansen. Blant det vesle ho hadde tid til, var å takka meg for at eg – som utanlandsk journalist – hadde interesse for landet.

Moldova er nok vant med å bli oversett. Og valet i Moldova skaper ikkje akkurat særleg med overskrifter i norske aviser. For dei fleste er nok Moldova ein kvit flekk på kartet, ein bortgløymd tidlegare sovjetrepublikk, skvisa inn mellom Romania og Ukraina. Det fattige vesle landet – som er hardt råka av både korrupsjon og storskala utvandring – er ei av slagmarkene i ein ny kald krig. Russland har absolutt interesser i Moldova. Det har EU også. Men dei proeuropeiske kreftene som vann fram i 2009, har skuffa moldovarane, noko som har bana vegen for både sosialistpartiet og for ei dose sovjetnostalgi.

Dragkampen mellom ulike politiske krefter i Moldova er med andre ord også ein dragkamp om Europa si framtid. Og det er ein dragkamp der valet gav få klåre svar.

Sosialistane størst, framtida uviss

Igor Dodon sitt sosialistparti PSRM vann – ikkje særleg overraskande valet. Valresultatet er i skrivande stund ikkje endeleg, men PSRM fekk 31,2 prosent av røystene, og med det 34 mandater.

Nest-største parti vart ACUM, med 26,8 prosent. Deretter følgde Plahotniuc’ parti PDM med 23,6 prosent. Valsystemet syter likevel for at PDM ser ut til å vinna fleire mandat enn ACUM, 30 mot 27. PSRM får på si side 34. Sju mandat går til Partidul Şor, leia av nok ein søkkrik forretningsmann med eit tvilsamt rulleblad, Ilan Șor. Tre uavhengige kandidatar vart også valde.

Maia Sandu har omtala valet som «verken fritt, rettvist eller demokratisk», og PDM og PSRM har også skulda kvarande for stemmekjøp, ikkje minst knytt til innbussing av veljarar som bur i Transnistria aust i landet, eit område som i røynda er ein sjølvstendig republikk, avhengig av russisk støtte. Mykje tyder på at det er noko i dei påstandane, noko også valobservatørar har påpeikt.

Valresultatet stadfester også eit allereie eksisterande gap mellom by og land. I hovudstaden vart ACUM det klårt største partiet. Men der hovudstaden Chișinău ser mot vest, står Dodons pro-russiske sosialistparti langt sterkare andre stader i landet.

IMG_5728_h

Hovudgata i Chisinau. Foto: Øyvind Strømmen

Ingen parti har fleirtal, og samarbeid blir difor naudsynt. Men det er vanskeleg å sjå kva samarbeid det vert: ACUM har drive valkamp på å vera for Europa og mot korrupsjon, og kan vanskeleg samarbeida med verken Dodon eller Plahotniuc. Dei har dessutan omtala valet som prega av juks, og har dessutan hevda å ha vorte utsett for forgifting i valkampinnspurten. Dodon og Plahotniuc har på si side vorte skulda for å stå nærare kvarandre enn dei søkjer å framstå, men dei peiker samstundes i ulike retningar for Moldova. Eit mogleg utfall er politisk paralyse, og til sist nyval.

Imens heng mørke skyer stadig over Moldova, eit land prega av korrupsjon og fattigdom. Resultatet vert fort at endå fleire moldovarar tek det same valet som mange av deira landsmenn har gjort før dei: å setja kursen mot andre stader. Mot Europa. Eller – også der: Mot Russland.

FAKTA: Parlamentsval i Moldova

Fire parti vann seter i det moldovske parlamentet under valet sundag 24. februar:

PSRM (Partidul Socialiştilor din Republica Moldova, det sosialistiske partiet i republikken Moldova) fekk ifølgje den førebelse opptellinga 31,15% av røystene. Partiet er nominelt sosialistisk, men prega av sosial konservatisme, euroskepsis og ei prorussisk haldning. Det vert leia av Zinaida Greceanîi, men landets president Igor Dodon kom også frå PSRM.

ACUM er ein allianse av to sentrum-høgre-parti som tidlegare ikkje har vore representerte i parlamentet, DA og PAS. Dei fekk 26,84% av røystene.  Acum er det rumenske ordet for «no». Alliansen er pro-europeisk og har drive valkamp på ei platform prega av kampen mot korrupsjon. Dei mest sentrale politikarane i ACUM er Maia Sandu og Andrei Năstase, høvesvis leiarar for PAS og DA.

PDM (Partidul Democrat din Moldova, det demokratiske partiet i Moldova) fekk 23,62% av røystene. Partiet er nominelt sosialdemokratisk, og medlem av den sosialistiske internasjonalen – til liks med til dømes Arbeidarpartiet i Noreg. Det er også eit proeuropeisk parti. Partiet vert leia av Vladimir Plahotniuc, ein høgst kontroversiell forretningsmann, som dei siste åra har vorte rekna som den dominerande krafta i moldovisk politikk.

PP Șor (Mișcare Social-Politică Republicană Ravnopravie, den republikanske sosiopolitiske rørsla for likskap) er eit konservativt og pro-russisk parti, leia av ein annan kontroversiell forretningsmann, Ilan Șor, som også er ordførar i småbyen Orhei nord for hovudstaden. I 2015 vart han sett i husarrest, mistenkt for å ha vore involvert i ei bankskandale, der 1 milliard dollar forsvann frå tre store bankar I landet.

Ei rekkje mindre parti stilte også opp i valet, utan å vinna plass i parlamentet. Det viktigaste av desse er kommunistpartiet PCRM, som tidlegare var ei kraft i moldovisk politikk, men som i seinare år langt på veg har vorte erstatta av PSRM.

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.