Miljø

Tok i mot Fritt Ord-prisen – her er Gaute Eiterjords takketale

gautegaute2

Gaute Eiterjord, leder for Natur og ungdom. Foto: NU

Fritt Ord-prisen for 2019 gikk til Natur og Ungdom, og Greta Thunberg. Prisen ble delt ut under et arrangement på Operaen i Oslo, den 8. mai. Thunberg kunne ikke selv være tilstede, men NU-leder Gaute Eiterjord holdt denne takketalen. Her kan du lese hele talen:

Kjære styre i Fritt Ord, kjære samarbeidspartnerar og kjære nåverande og pensjonerte NU-arar,

Det er ei stor ære å på vegne av Natur og Ungdom takke for årets Fritt Ord-pris. Det er ein pris som går til alle dei ungdommane som står og har stått på for miljøet.

Og det er ein pris som går til ein svensk miljøaktivist som på kort tid har fått til heilt utruleg mykje. Greta Thunberg har vore til stor inspirasjon for meg og mange andre i Natur og Ungdom sidan me først arrangerte skulestreik i Norge fjor haust. Det er med stor ære me deler Fritt Ord-prisen i lag med henne.

Me i Natur og Ungdom er utruleg glade for å motta denne prisen, for den er ei stor anerkjenning av arbeidet me gjer, og den motiverer og inspirerer oss til å fortsette i det som er vår tids viktigaste kamp.

Ikkje minst betyr ein pris som dette mykje for ein frivillig ungdomsorganisasjon. Me er vant til å få mykje miljøvern ut av kvar krone, og eg kan forsikre om at desse pengane vil bidra til at me får engasjert mange fleire ungdommar for miljøet.

For det trengst. På tross av alle lovord om at klimakrisa er “vår tids største utfordring”, og at me har ei regjering som seier dei skal etterlate kloden til dei unge i minst like bra stand som det det dei overtok han i, så peikar framleis pilane feil veg.

Naturen vår forsvinn. FNs naturpanels rapport som kom denne veka understreker alvoret: 1 million av verdas 8 millionar kjente dyre- og planteartar held på å bli utrydda. Dagens klimapolitikk tar oss til ein klode som er tre-fire gradar varmare – noko som betyr katastrofale klimaendringar.

Likevel får me høre at det framleis er typisk norsk å vere god. At me har så mange el-bilar at det ikkje er måte på. Og politikar etter politikar gjentar den norske livsløgna om at olja og gassen vår er så rein, at me berre kan fortsette som før.

Det skjer ikkje nok, og det er grunnen til at Natur og Ungdom, saman med Greenpeace, Besteforeldrenes klimaaksjon og ein rekke andre i november drar den norske staten for retten i klimasøksmålet mot grunnlovsstridig oljeboring i Arktis. Fordi me, slik som dei vaksne, har rett til eit leveleg miljø. Det burde vore sjølvsagt, men den norske staten set i dag rekordar i oljeleiting som om klimakrisa ikkje finst.

Me er utruleg glad for at Greta Thunberg har valt å donere sin del av Fritt Ord-prisen til søksmålet, og er med oss i kampen mot meir oljeleiting. Det kjem utruleg godt med. Det er ingen som har prøvd eit slikt søksmål før, så me veit ikkje utfallet, men me må bruke alle middel me har for å kjempe for vår framtid, også rettsvesenet.

Framover skal me også mobilisere fleire i miljøkampen. For – på trass av dystre framtidsutsikter i dag – når me ser tilbake på åra sidan Natur og Ungdom blei stifta i 1967, så ser me at det er mogleg å vinne sigrar for miljøet. Ungdom har stått i spissen for mange kampar som viser at det nyttar å engasjere seg.

Det har blitt bilfritt sentrum i Oslo og bybane i Bergen – etter Natur og Ungdom jobba for det. Noregs største skogvernreservat blei oppretta i Trillemarka – etter at Natur og Ungdom jobba for det. Me har fått has på industriavfall som blei dumpa ulovleg, stansa forureinande gasskraftverk og våre mest sårbare område i Lofoten, Vesterålen og Senja har blitt redda frå oljeindustrien.

Stundom er det eldre folk som etterlyser ungdomsopprør, men dei gløymer at ungdom i Noreg har lenge stått i spissen for miljøet. Ungdommar har aksjonert sivilt ulydig – mot vegar, oljeboring eller gruvedumping i fjordar. Og dei har skrive høringsuttaler og dratt på møte medlokale og nasjonale politikarar.

Det siste halvåret har for alvor vist at ungdomsopprøret lever i beste velgåande. Men ein må jo nesten spørre seg kvifor ein etterlyser ungdomsopprør? Kvifor det var det at ungdom nekta å vere på skulen som skulle til for å få klima på dagsorden.

Burde det ikkje vere alle foreldres oppgåve å jobbe for at ungane deira fekk nyte dei same goda ein frisk natur og eit fungerande klima gir oss? Burde det ikkje vere oppgåva til dei som styrer landet, som signerer konvensjonar om naturmangfald og internasjonale klimaavtaler, å følge dei opp?

Det er jo faktisk ikkje noko nytt det me snakkar om. Politikarane, som ofte er ein del eldre enn oss, har jo trass alt visst om miljøproblema, kor alvorleg det er, og tiltaka som trengst for å løyse dei, ganske lenge.

Noreg sette sitt første klimamål i 1989, før eg blei fødd. Likevel er Noreg eit av dei einaste landa i Europa med høgare klimagassutslepp nå enn i 1990. Dei siste 30 åra har me vore vitne til ei historisk ansvarsfråskriving frå foreldre- og besteforeldregenerasjonen. Viss nokon synest det er rart at unge protesterer som dei gjer, har dei ikkje følgt med i timen.

Ikkje misforstå, alle foreldre er heller ikkje like. Mange av dei som sit i denne salen idag, som er over 25, jobbar på spreng for miljøet, som enkeltpersonar i til dømes Naturvernforbundet eller Besteforeldrenes klimaaksjon. Me treng fleire gode førebilete som dokker!

Hos dei vaksne er det nokon som tar ansvar, og nokon som sluntrar unna. 22. mars i år var me 20 000 ungdommar utfor Stortinget som streika skulen for klima. Det som blei ropt mest var: Kor er Erna?

Statsminister Erna Solberg, regjeringa, og dei fleste politikarane i landet har visst om klimakrisa lenge. Det finst rapportar om klimatiltak i bøtter og spann, så det manglar ikkje løysingar. Kvifor løyser dei ikkje klimakrisa då?

Det finst inga orsaking, dette handlar utelukkande om prioriteringsevne. Mens ein snakkar om at klima skal gjennomsyre alt, prioriterer regjeringa heller motorvegutbygging, ny rullebane på Gardermoen og meir olje og gass. Mens ein snakkar rein sjømat, om å rydde plast og redde livet i havet, så gir ein løyve til nye gruver som skal dumpe millionar av tonn med giftig slam i fjordane våre.

Er det noko det siste halvåret har vist er det at ungdom, over heile Noreg og heile verda, er lei dette hykleriet. I mars var det meir enn 1,8 millionar ungdommar som deltok på skulestreikar i 131 land. 22. mars var det meir enn 40 000 som deltok i Noreg. Eg trur ein ganske sikkert kan seie at dette er eit ungdomsopprør utan sidestykke i verdshistoria.

Nokre prøver å avpolitisere og umyndiggjere ungdomsengasjementet. Mange politikarar tar ein selfie med ungdommar som klimastreikar og kallar det eit “viktig engasjement”, utan å følge opp med å vedta nye tiltak.

Enkelte vaksne har reagert med hets på nettet, og oppmoding om at skulestreikande ungdommar burde kutte ut all flytrafikk og bilkøyring, sjølv om det ikkje er ungdommane som har skapt dette systemet.

Eg håper me framover kan begynne å snakke om kvifor ungdommen gjer opprør, kvifor me streikar, og at det faktisk skjer noko. For det er det me ønsker. Men sidan den massive skulestreiken i mars har ikkje regjeringa kome med eit einaste nytt klimatiltak.

Det einaste dei har gitt ungdommen er det dei kallar “ungdommens klimatoppmøte” kor dei mellom anna vil ha elevane til å snakke om korleis dei sjølv kan gjere meir miljøvennlege val. Men dette handlar ikkje om våre val. Det handlar om at regjeringa sluntrar unna, og det er me lei av.

Norske politikarar må innsjå alvoret. Dei bør erklære ein nasjonal krisetilstand, for me ser at ekstremværet er her allereie – berre spør ein bonde som opplevde tørkesommaren i fjor, som ser ut til å kome igjen. Og ei erklæring av at me er i ei klimakrisa må følgast opp av vedtak.

Me må innsjå at me ikkje kan fortsette å leite etter meir olje og gass, og byrje å skape andre arbeidsplassar me skal leve av i framtida. Me må kutte dei norske utsleppa nå – ikkje ein gong om ti år – og gjere vårt rettferdige bidrag til å løyse klimakrisa gjennom å gi meir klimabistand.

Fram til me får faktiske gjennomslag vil ungdomsopprøret fortsette. Det er planlagt ein ny nasjonal skulestreik i Noreg 24. mai, og i Natur og Ungdom opplever me ein medlemseksplosjon med nesten 1900 innmeldingar sidan nyttår. Me har i det siste fått mange nye lokallag med ungdommar som vil kjempe for miljøet der dei bur.

Ungdom organiserer seg til kamp for miljøet som aldri før. Dei handlingslamma politikarane er gjennomskoda og har ingen plass å gøyme seg lenger. Dei skal vite ein ting: Me kjem ikkje til å gi oss før me får det som me vil.

Takk for merksemda!

 

Denne talen ble først gjengitt på putsj.no

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.